Gå til sidens hovedinnhold

Førde kommune landets nest beste skuleeigar

Artikkelen er over 13 år gammel

Førde vart måndag tildelt 2. premie i tevlinga Skuleeigarprisen i regi av Kommunenes Sentralforbund.

Andrepremien på 100.000 kroner og eit grafisk trykk vart utdelt av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell under Kommunalt Skoleting i Oslo.

Ordførar Nils Gjerland og kommunalsjef Helge Sæterdal tok imot prisen på vegne av Førde kommune. Førstepremien gjekk til Skien kommune, medan Akershus fylkeskommune tok tredjepremien.

Sæterdal seier til firda.no at dei to representantane frå Førde er svært godt nøgde med andrepremien, og legg til at dette er ei anerkjenning av den innsatsen kommunen har lagt ned for å ha ein god kvalitet i skulen og kommunen generelt.

Konkurrerte med store

- Vi har konkurrert med store aktørar, som Skien kommune og Akershus fylkekommune, og vi kom framfor til dømes Trondheim i denne konkurransen. Derfor er vi veldig godt nøgde med det arbeidet vi har gjort i felleskap i mange år, seier Sæterdal.

Han seier at Førde har vore og studert korleis Skien kommune har arbeidt.

- Dei har ei stort apparat, og har arbeidt med kvaliteten mykje lengre enn oss. Derfor var det artig at vi kom på andreplass.

Kommunalsjefen seier at prispengane blir øyremerka til utviklingstiltak. Dessutan har han gjeve beskjedom at alle skulane skal spandere kake på personalet tysdag.

Sjå meir omtale hjå KS.