Kommunen ønsker tilflytting men vurderer å legge ned barnehage

Bilde frå folkemøte i Hellevik barnehage 21.mai.

Bilde frå folkemøte i Hellevik barnehage 21.mai. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Ønsker dei høgare folketal kan dei ikkje sabotere slik.

DEL

Det seier Anne Hopland i Hellevik grendelag i Fjaler.

Grendelaget har sett i gang eit stadsutviklingsprosjekt for å få gjere Hellevika meir attraktiv og få fleire til å busette seg der.

– For å få til folketalsauke i ein kommune må kvar bygd mobilisere og sørge for tilflytting og heimflytting hos seg. Her på Hellevika er det god driv og stor vilje blant folk for å få dette til. Vi har mange som investerer og satsar for å få til ei positiv utvikling, seier Hopland.

Fryktar barnehagen ryk

Men 16. mars vart det vedtatt i kommunestyre at felles barnehage i Ytre Fjaler skal utgreiast. Per dags dato er det barnehage på Hellevika òg på Våge. Førstnemnde er kommunal medan barnehagen på Våge er privat men får tilskot frå kommunen.

– Kommunen kan jo ikkje legge ned den private, så då er det Hellevika som ryk om ein skal slå saman, seier Hopland.

Men Hellevik grendelag synest ikkje dette er ei god løysing då barnehagen der er stor nok til å ta i mot alle borna utan å bygge ut, medan Våge ikkje er det, så der må ein investere i ny for 8 millionar, seier Hopland. I tillegg trekk ho fram at størsteparten av foreldra arbeider inne i Dale og Flekke, og slik sett får ein omveg om dei skal køyre borna sine til Våge som ligg lenger ute.

– Sabotasje

Å legge ned barnehagen på Hellevika meiner grendelaget er å sabotere deira forsøk på rekruttere barnefamiliar til bygda.

– Når vi kjempar for å få til dette er det skikkeleg dårleg at dei vil ta frå oss barnehagen. Ein stad utan barnehage er ikkje attraktivt for tilflyttarar. For å få småbarnsfamiliar til å flytte må ein legge til rette for ein kvardag som det er lett å få til å gå rundt. Misser vi barnehagen på Hellevika er vi redd vi i neste omgang misser dei som stoppar på butikken og handlar i same slengen, seier Hopland.

Grendelaget meiner kommunen øydelegg ikkje berre for grenda, men også for seg sjølve.

– Dei slår beina under oss, men i neste omgang slår dei og beina under seg sjølve. Når ein skal ta tak i befolkningsnedgangen må ein samarbeide med lokale lag og organisasjonar der det er vilje til å gjere ein innsats og unngå å kutte ting som er framtidsretta, fastlår Hopland som lurer på om kommunen og ordføraren forstår at grenda prøver å samarbeide med kommunen om å få opp folketalet.

– Det er ingenting som er avgjort. Dette skal ut på høyring i juni, seier Fjaler-ordførar Arve Helle.

Ingenting er avgjort

Han seier at prognosare no ser slik at at det ikkje er grunnlag for meir enn ein barnehage i Ytre Fjaler, og at kommunen då ønsker å sjå på moglegheitene for å samle barnehagane til éin. Han meiner og at det ikkje er så langt mellom dei to at avstand er eit avgjerande problem.

– Vi har ikkje sagt at vi skal legge ned noko som helst, men vi er nøydde til å snu alle steinar på grunn av økonomi. Det handlar om å finne den løysinga som folk er best tent med, forklarar han.

Helle legg til at han synest innsatsen som er gjort for å gjere Hellevika attraktiv har vore god, og at det er gjort mykje bra for å få dette til.

Artikkeltags