Vegtrafikksentralen melde frå om hendinga klokka 17.05 torsdag.

Ein borerigg, som stod midt i vegbana, fekk havari. Den blir brukt i forbindelse med vegarbeid på staden.

17.45 opplyste Vegvesenet at boreriggen er skubba litt ut av vegen, slik at det eine køyrefeltet kan opnast. Trafikken vil gå forbi i kolonne.