Bøndene opplever mange nesten-ulykker i trafikken

NESTEN-ULYKKER: Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, seier at bøndene opplever mange nesten-ulykker i trafikken.

NESTEN-ULYKKER: Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, seier at bøndene opplever mange nesten-ulykker i trafikken. Foto:

Bondelagsleiar Anders Felde oppmodar bilistane om å respektere traktorane.

DEL

– Veldig ofte opplever vi nesten-ulykker, seier Anders Felde, leiar for Sogn og Fjordane bondelag til NRK Vestland.

Om somrane møter han og andre bønder fleire farlege situasjonar på vegane. Folk har dårleg tid og vil fort forbi traktorane som ofte køyrer i 40 og 50 kilometer i timen.

Tysdag ettermiddag skjedde det ei ulykke på E39 i Jølster i samband med forbikøyring av ein traktor.

– Respekter traktorane

Felde håpar at billistar forstår at det er viktig å respektere traktorane. Han meiner at bøndene sjølv har blitt flinkare til å sleppe trafikken forbi.

– Det er så klart trasig dersom det skjer ulykker og folk vert skadde. Men det er også veldig trasig for bønder som vert uforvarande involvert i ulykker, seier han til NRK Vestland.

Han fortel at bøndene får ubehagelege opplevingar av stygge forbikøyringar og oppmodar folk til å ta det roleg.

– Vi har ingen å miste.


Artikkeltags