Bøndene og staten i forhandlingar

LANDBRUK: Gjeldande jordbruksavtale varer fram til 1. juli 2020, og det må derfor fastsetjast nye målprisar.

LANDBRUK: Gjeldande jordbruksavtale varer fram til 1. juli 2020, og det må derfor fastsetjast nye målprisar. Foto:

Av

Landbruksorganisasjonane og staten sit no i forhandlingar om eit forenkla jordbruksoppgjer. Målet er å bli samde om ein avtale torsdag.

DEL

Det var nye forhandlingsmøte tysdag, etter at samtalane formelt starta sist søndag.

Sidan det ikkje finst eit ordinært grunnlagsmateriale med kostnads- og inntektsutvikling, vil forhandlingane bli forenkla. Årsaka er sjølvsagt koronapandemien.

Målet med forhandlingane i år blir å bidra til føreseielege vilkår for næringa og mest mogleg stabilitet i matforsyningane. Gjeldande jordbruksavtale varer fram til 1. juli 2020, og det må derfor fastsetjast nye målprisar.

Gitt at oppgjeret er sterkt forenkla, tyder alt på at partane vil klare å inngå ein avtale torsdag.

Artikkeltags