Gjødselkjellar sprang lekk i byggefelt

Både brannvesenet og frivillige deltok i arbeidet med å spyle vekk dei store mengdene med gylle som fossa nedover byggefeltet i Førde sentrum.

Både brannvesenet og frivillige deltok i arbeidet med å spyle vekk dei store mengdene med gylle som fossa nedover byggefeltet i Førde sentrum. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Førde: Gylla rann inn i eit byggefelt, og både hus, bilar og hagar vart råka.

DEL

Ein gjødselkjellar har hatt ei lekkasje på Falkenstein i Førde laurdag, og stor mengder gylle rann nedover i byggefeltet som ligg like ved.

– Vi fekk melding klokka 12.37, seier vaktleiar på alarmsentralen i Florø, Terje Birkeland.

Brannvesenet rykte ut til staden, der gylla rann friskt frå gjødselkjellaren som ligg øvst i bakken, og inn i eit byggefelt.

– Brannvesenet har jobba med pumping og spyling i lengre tid. Nokre hus er blitt påført skade, utan at eg kan seie noko om kor stor skade det er, eller kor mange hus det dreiar seg om, seier Birkeland.

Erstatning

Brannvesenet i Førde rykka ut til lekkasjen og ifølge innsatsleiar Rune Ytredal har dei halde på i fleire timar.

Teksten held fram under videoen.

Laurdag rann gylla i frie straumar gjennom hus og hagar i eit byggefelt i Førde.

– Vi har kontroll på lekkasjen og det kjem ikkje meir gylle frå gjødselkjellaren. Totalt skal det vere 8–10 kubikkmeter med gylle som har runne ut av gjødselkjellaren. Men det er framleis store mengder gylle i grunnen, og denne forsøker vi no å spyle vekk, seier Ytredal og ser at skadeselskapet Polygon allereie er på plass med tanke på å vurdere erstatnings-situasjonen som vil måtte komme etter ei slik hending.

– Vi veit sjølvsagt ikkje noko om kor store skader dette har påført folk og hus. Men det er klart at for dei som bur nærast, så er ikkje minst den illeluktande gylla ikkje noko kjekt å få inn i husa. Men kor store skadane er i grunnen er det altfor tidleg å snakke om, seier Ytredal midt under arbeidet då Firda er på plassen i 17-tida laurdag ettermiddag.

Sage hol

– Lekkasjen er no stogga, men det er mykje gylle i området, og dette er jo rennande, seier han.

– Eg har ikkje sjølv vore på staden. Men eg har fått melding om at brannvernet måtte sage hol fleire plassar i ein balkong for å komme til med pumpene slik at dei fekk opp gylle, seier Birkeland.

Brannvernet jobbar framleis på staden.

– No er det oppryddingsarbeid og spyling. Gylla har blitt pumpa opp i gyllevogner og lastebilar. Ei gravemaskin har greve opp eit hol der det meste blir tømt, seier Birkeland.

Han seier det førebels ikkje er klart kor store skader lekkasjen har gjort.

Først når oppryddingsarbeidet er over vil dei gjere slike vurderingar.

Sjå fleire bilder under:

Artikkeltags