Gå til sidens hovedinnhold

Bygd til sals for 10 millionar

Artikkelen er over 8 år gammel

Hotell, to einebustadar, gardsbruk og sju hjorteløyver søkjer kjøpar.

(Siste)

[Firda] 750 mål, hotell og sju hjorteløyver har førebels ikkje freista kjøparar til Finnabotn i Vik. Framleis ligg bygda ute for sal, skriv Bergens Tidende.

Prisantydinga på hovudeigedommen, som mellom anna har ein einebustad og hotell, ligg på 5,5 millionar.

Men meklaren reknar med det vil ta tid før eigedommen vert seld.

– Den er såpass spesiell at vi må rekne med det tek lit tid. Det er mange som er nysgjerrige, men få er konkrete i forhold til kjøp, seier meklar Baste Bolstad i Aktiv Eiendom til BT.

Men i Finnabotn er det meir enn berre den eine eigedommen som er til sals. Sjølve bygda består av to einebustadar, eit nedlagt gardsbruk og eit lite hotell.

Samla pris på dei tre eigedommane, som aller er på marknaden, er i overkant av 10 millionar. Totalt er storleiken nærmare 1200 mål.

For dei som vil slå til på kjøpet, kan det vere lurt å vere klar over dei manglande fasilitetane i bygda. For her finn du korkje veg eller mobildekning.

– På den eine sida gjer det at det vert vanskelegare å sele. På den andre sida er det jo nettopp moglegheita til å kople ut alt anna som er noko av sjarmen med slike plassar, seier Bolstad til BT. (ANB)

Kommentarer til denne saken