Thingnes Bø tok VM-gull på sprinten

TO GULL: Johannes Thingnes Bø frå Stryn har allereie to gull i VM.

TO GULL: Johannes Thingnes Bø frå Stryn har allereie to gull i VM. Foto:

Johannes Thingnes Bø (25) tok gull på sprintdistansen. Det andre VM-gullet på tre dagar.

DEL

Johannes Thingnes Bø, oppattkalla etter morfaren i Vevring, var letta etter gulløpet i Östersund.

– Etter fem treff på liggande var halvparten av løpet gjort, og eg valde å halde litt igjen på den andre runden. Eg har trøbla litt på ståande skyting, og fekk ein bom, men no byrjar eg å gå gode sisterundar også, sa Bø til NRK Sporten rett etter gulløpet.

– Eit topp disponert løp av Thingnes Bø, slo NRKs Andreas Stabrun Smith fast.

Dermed får han også eit topp utgangspunkt til jaktstarten.

Storebror Tarjei Bø gjekk inn til det som ser ut til å bli 13.-plass.

Artikkeltags