I dag var storebror Bø best

Tarjei Bø vart nummer 8 i dagens fellesstart i OL. Her frå skiskyttar-VM i Oslo 2016.

Tarjei Bø vart nummer 8 i dagens fellesstart i OL. Her frå skiskyttar-VM i Oslo 2016. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Tarjei Bø slo veslebror Johannes i OL-løypene i dag. Men ingen av dei var med å kjempe om medalje.

DEL

Trøysta får vere at Emil Hegle Svendsen tok bronse, og einaste norske medalje i dagens fellesstarti Pyeongchang.

Etter første skyting såg det veldig lyst ut for Johannes Thingnes Bø. Han skaut fullt hus, og var heilt i teten ut på andre runden.

Storebror Tarjei fekk ein bom på første skyting, og låg eit stykke bak.

Men etter andre skyting, der Johannes Thingnes Bø bomma tre gonger, snudde det mellom brørne.

På denne skytinga skaut Tarjei fullt, og hang med i teten.

Det vart fleire bom etter kvart, og Tarjei kom til slutt inn på 8.-plass, medan Johannes Thingnes Bø kom på 16.-plass.

Artikkeltags