Tarjei Bø med overlegen sprintsiger i EM

PALLTOPP: Tarjei Bø er i EM i Kviterussland for å prikke inn formen til VM. han har så langt innkassert eit sølv og eit gull. Bildet er frå fellesstarten på Sjusjøen tidlegare i vinter.

PALLTOPP: Tarjei Bø er i EM i Kviterussland for å prikke inn formen til VM. han har så langt innkassert eit sølv og eit gull. Bildet er frå fellesstarten på Sjusjøen tidlegare i vinter. Foto:

Sjølv med ei strafferunde kunne ingen hamle opp med Tarjei Bø på laurdag.

DEL

Tarjei Bø følgde verkeleg opp torsdagens sølv i EM i skiskyting i Raubitsji utanfor Minsk.

Laurdag gjekk han inn til ein overlegen siger på sprinten, sjølv om han hadde ein bom på liggande skyting, og dei tre argaste konkurrentane skaut feilfritt, skriv NTB.

Søndag er det jaktstart, og med sigeren går Bø først ut.

Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde vart nummer 10 på sprinten.

Artikkeltags