Eg smiler og er glad på bilde, men sanninga er at eg føler meg einsam

Vilde Kristine Furset Tolstadløkken (20) er ein bloggar frå Vevring. Ho skriv mellom anna om kvardagen sin med angst og depresjon.

Vilde Kristine Furset Tolstadløkken (20) er ein bloggar frå Vevring. Ho skriv mellom anna om kvardagen sin med angst og depresjon. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

«Det var alltid eg som sat igjen utan ein partnar når læreren sa «gå saman to og to», skriv Vilde Kristine frå Vevring i bloggen sin. Les heile innlegget her.

DEL

Det er eitt tema som verkeleg har sett seg i meg: kvardagseinsemd.

Det er noko eg kjenner mykje på, og eg veit korleis det er. Korleis det er å vere den personen som kanskje har blitt beden med på noko tre gonger dei siste fem åra, men har sagt nei fordi eg er redd og ikkje vil føle meg til bry. Eg har nesten alltid folk rundt meg, men kjenner på einsemd av å ikkje ha ein jentegjeng som eg kan kalle min gjeng, som eg kan henge med nokon kveldar i ny og ne. Eg blir utruleg misunneleg og lei meg når eg ser bilde på Facebook og Instagram av jentegjengar som samlast, drikk vin, spelar spel eller rett og slett berre sit samla og snakkar og ler.

Eg føler meg utilpass i store samlingar, for eg føler meg ikkje velkommen. Eg føler eg er den alle jentene glor på, kviskrar om og ler av. Dette føler eg nok fordi eg har dårleg sjølvtillit. Eg vil liksom bli ein av dei kule som alle vil henge med, men kvifor har det blitt sånn? For eg er temmeleg sikker på at eg ikkje er den einaste som føler seg sånn. Det å ville vere ein som dei andre kan sjå opp til.

Eg mista mamma då eg gjekk i 5. klasse

Eg blir så sjukt misunneleg når eg går i Førde og ser alle dei fine jentene som heng i lag og kosar seg. Ja, eg har nokon venninner eg heng med av og til, men føler liksom alltid at det er noko som ikkje stemmer. Eg føler meg ikkje likt, på grunn av korleis eg ser ut. Det er sårt og travelt å føle seg sånn. Det er så mange tankar som går gjennom hovudet i løpet av ein dag. 

Ser eg bra ut?
Vil ho eigentleg henge med meg?
Kan eg stole på henne?
Korleis synest ho eigentleg eg er?
Korleis synest ho eigentleg eg ser ut?
Heng ho med meg berre fordi ho ikkje har betre å gjere på?
Baksnakkar ho meg når ho er med andre?

Eg hugsar då eg gjekk på barneskulen og mellomtrinnet. Eg ville alltid vere ei av dei fine jentene som gutane forelska seg i. Men eigentleg var eg ho blubba som ingen gutar ville vere i nærleiken av. Nokre år på skulen, så var det alltid eg som sat igjen utan ein partnar når læreren sa «Gå saman to og to». Då blei eg alltid sett saman med nokon som mest sannsynleg ikkje ville vere på gruppe med meg. Men eg gjorde alltid det beste ut av det, og sa ikkje noko imot. For alle virka det kanskje som om eg hadde det fint, og at alt var bra. Men sanninga er at dei siste åra på mellomtrinnet og ungdomsskulen var eit helvete. Mykje av grunnen til det var jo sjølvsagt at eg mista mamma då eg gjekk i 5. klasse. Men det kan vel ikkje vere difor eg alltid følte meg einsam? Eller?

Føler meg einsam kvar dag

Dei to siste åra av ungdomsskulen gjekk eg jo på Matre i Hordaland. Der treivst eg ikkje i det heile. Eg treivst berre det halve året eg gjekk på skulen i Knarvik, på vgs. Der hadde eg mange vennar, og eg blei inkludert i alt. Så flytta eg heim, eg blei inkludert, og eg hadde verdas beste venn, og vi hang saman dag og natt. Men etter mykje drama blei alt forandra, og eg blei einsam igjen.

Den dag i dag føler eg meg einsam kvar dag, kvar einaste dag kjenner eg på eit tomrom som eg så gjerne kunne ønske blei fylt. Men eg trur ikkje det kjem til å bli fylt før den dagen eg føler meg vel med meg sjølv, den dagen min sjølvtillit er kommen litt betre på plass. Og eg seier det igjen, berre i notida: For folk ser det vel kanskje ut som om at eg har det bra? Eg smiler og er glad på bilde, og er smilande og blid når eg er blant dei folka eg føler meg komfortabel med. Men sanninga er jo at eg føler meg einsam.

Eg veit at eg ikkje er den einaste som føler det sånn her i verda, for dette er eit tema som er blitt meir openlyst den siste tida. Og eg blei inspirert til å fortelje mi eiga historie. Eg synest folk burde bli flinkare til å fortelje om kjenslene sine. Ja, eg veit det kan vere vanskeleg, og nokon føler kanskje at det er umuleg. Men det er betre å snakke om ting enn å halde det inne for seg sjølv.

Eg må også påpeike at dette er MI historie og MINE kjensler.

Firda har fått løyve til å omsette innlegget frå bokmål til nynorsk. Mellomtitlane er lagt inn av Firda.

Les meir på bloggen hennar her.

Artikkeltags