Blir Sunnfjord ein kunstraserings-kommune?

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I Sunnfjord formannskap 26. november, bestemte fleirtalet – Arbeidarpartiet og Senterpartiet - at dei ønskjer at det 65 m lange kunstverket «Laksen» – det einaste av sitt slag i Noreg, og i heile verda for den del – skal øydeleggast og fjernast fullstendig! Jada, eg veit at dette ikkje står konkret i vedtaket, men det er dette som er den heilt uunngåelege konsekvensen av vedtaket om val av veg/bru/kryss-Alternativ 7!

Noko anna som heller ikkje står konkret i vedtaket, er at Ap og Sp ønskjer at rundkøyringa skal sjå ut som «eit misfoster». (I politikarspråk: «Ikkje optimalt.») Det er berre å sjå på teikninga av Alternativ 7, så ser ein det – klårt og tydeleg!

I punkt 4 i fleirtalsvedtaket står det: «Det må arbeidast med å finne løysingar for korleis ein kan ivareta «Laksen» ved realisering av veg/bru prosjektet».

Dette viser ein positiv vilje også frå fleirtalet si side, til å ta vare på «Laksen», og det er bra! Men med den kunnskapen ein har i dag, så veit vi at Alternativ 7 er umogeleg å kombinere med å ivareta «Laksen». Punkt 4 i vedtaket gir derfor ikkje lenger meining og bør under handsaminga i kommunestyret endrast til:

««Laksen» skal ved realisering av veg/bru prosjektet, fjernast fullstendig».

Først då vil punktet gje uttrykk for den reelle meininga til dei som stemmer for Alternativ 7.

Den EINASTE måten å ivareta «Laksen» på, er å velje Alternativ 5, eller eitt av dei tidlegare alternativa som heller ikkje skadar «Laksen». Eller ved å erstatte bilbrua med ei gang og sykkelbru. Dette siste er noko mange ønskjer. Det gir mindre trafikk og dermed betre tryggleik for mjuke trafikantar. Men eg veit at eit stort fleirtal i kommunestyret er imot dette.

«Laksen» er det største enkeltståande dugnadsprosjektet som nokon gong har vore i Førde, og sikkert i heile Sunnfjord kommune også. «Alle» var med, frå barnehageborn via skuleelevar til vaksne i alle aldrar. Kommunen stilte heilhjarta opp. Ordføraren og andre politikarar var med den gongen, det same var ei rekkje kommunetilsette, både som vanlege dugnadsfolk og som organisatorar. Av dei mange hundre var med, har vi i dag ei aldersspreiing frå ca. 33-34 år og oppover til nærare 100 år. Eit innslag i NRK Norge Rundt gir ein ide om korleis det var, sjå her: http://www.norge-rundt.no/video/3700

Her er ein annan video av Alf Vidar Snæland og med Hans Jakob Reite, som også fortel om miljøkunstveka og «Laksen»:

https://www.facebook.com/530382819/videos/10157166661492820/

I intervju med Firda 2. desember 2020 sa kunstnaren Jørn Rønnau at alt dugnadsarbeidet gjorde at «Laksen» ikkje berre var hans verk, men innbyggarane sitt verk også. «Vi hadde skapt det saman», sa han.

Han la også vekt på at «Laksen» ikkje berre er sjølve kunstverket i seg sjølv, men også dei mange historiene rundt.

«Ei historie hugsar eg særskilt godt. Det siste året kom eg for å legge auget på plass. Då kom det ei skulejente som sa at ho hadde fått ei ny jente i klassa, og spurde om ikkje ho kunne få legge på plass ein stein også. Det var ein fantastisk måte å innvige Laksen på, seier Rønnau og viser til at skulpturen er mykje brukt av born til å springe og leike på.»

Denne historia må ha gjort eit stort inntrykk på kunstnaren, når han hugsar den framleis, nesten 30 år etter. Den viser også noko om kor stolte skuleelevane var over å ha vore med på å skape «Laksen». Hugsar også dei to skulejentene dette framleis?

Ei anna historie: Eg sende internettadressa til Norge Rundt-innslaget til ei bestemor eg kjenner. Ho svara mellom anna: «Det barnebarna på Sunde er stoltast av meg for, er at eg har vore med å laga denne Laksen som vi har gått tur på. Eg er med i Norge rundt programmet, men då har eg pause. Du får sjå etter meg. Kjenner ikkje eit barn i Førde som ikkje har eit forhold til Laksen.”og“Barnehagebarn har i alle år hatt Laksen som eit turmål.”

Neste sitat:

“Eit monument over kva vi kan få til i sentrum på dugnad, men då kan kommunen ikkje øydelegge eller flytte det som er laga for alltid. Vi var mange 100 som jobba i eit stort fellesskap for ein kunstnar saman med kommunen sine folk. Trur Håkon Fimland var av dei som sto på.”

Kontakt med småbarnforeldre stadfester at barnehageborn brukar «Laksen» som leikeplass og som eit enkelt «klatreområde». Nærleiken til «Klatreparken» gjev ein perfekt kombinasjon. At barnehageborn brukar «Laksen» som leikeplass er viktig for utviklinga av både motorikken (her evna til å bevege seg på «uryddig» underlag og til å finkoordinere bruken av armar og bein) og for utviklinga av fantasien. For denne aldersgruppa er «Laksen» LANGT viktigare for «folkehelsa» enn det er å springe rundt på ei stor flat plastgrasmatte. Kva slags leikeplass er det for små barnehageborn?

Det er mange hundre førdianarar som kan fortelje kvar sine historier om då dei var med og bygde «Laksen». Det er mange foreldre og besteforeldre som stolte kan fortelje barna/barneborna sine at denne var eg med på å bygge. Og den aller største historia er sjølve dugnadsprosjektet, det største enkeltprosjektet som nokon gong har vore i Førde!

Det som kommunestyret skal avgjere den 10. desember, er om dei skal gje resultatet av dette store dugnadsprosjektet nokon verdi - så stor verdi at dei tek vare på det. Eller om kommunestyret skal erklære «Laksen» og historiene omkring bygginga av den som tilnærma verdlause, og seie: «Slepp gravemaskinene laus, jamn alt med jorda og få driten vekk.» Og: «Slutt for all del med dette tullpratet om at Sunnfjord skal vere ein Kulturkommune!»

Men om fjerning av «Laksen» skulle få fleirtal i kommunestyret, kva skjer med dugnadsviljen til folk i Førde når dei ser gravemaskinene gå laus på det kjempestore kunstverket så mange av dei har vore med på å skape? Har nokon tenkt på det? Og kva skjer med tilliten til politikarane?

Sunnfjord kommunestyre har ei viktig avgjerd å ta den 10. desember. Det eg håpar aller mest, er at det blir teke ei demokratisk avgjerd, der alle kommunestyrerepresentantane får stemme på det alternativet dei sjølve meiner er rett å stemme på, og der ein «partipisk» eller to ikkje blir det som avgjer saka! Og så håpar eg sjølvsagt at vedtaket blir slik at ein tek vare på «Laksen»! Det gjer ein ved å velje Alternativ 5.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken