Dette melder nettstaden kom24.no måndag.

Rune Alstadsæter har frå før sagt opp stillinga si med verknad frå årsskiftet.

Dette har gjort at det vert fleire endringar i staben rundt Erna Solberg, og ein av desse endringane er at Cato Husabø Fossen frå Førde no tek over jobben som pressesjef for den tidlegare statsministeren.

Husabø Fossen har allereie fleire års erfaring som pressesjef, men då i Høgres stortingsgruppe. Denne jobben fekk han i 2020.

Før dette har han hatt fleire år i journalistikken, mellom anna som politisk reporter i NRK, samt programleiar i Dagsrevyen. Husabø Fossen har også fleire år bak seg som politisk journalist i TV2 og har også jobba i TV2-sporten, VG og i Firda.

Hans nye jobb vil no gjere han til Erna Solbergs pressekontakt, der han vil ha eit særskilt ansvar for kommunikasjon og presse rundt Høgre-leiaren.