Blir nattestengt i Kjøsnesfjorden og Fjærlandstunnelen

NATTESTENGT: I Støylsnestunnelen vert det nattestengt ein periode framover. Her er byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum i tunnelen.

NATTESTENGT: I Støylsnestunnelen vert det nattestengt ein periode framover. Her er byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum i tunnelen. Foto:

Rv. 5 mellom Kjøsnes og Bøyabreen vert nattestengt i perioden 2. november til 19. desember, grunna sprengingsarbeid.

DEL

Frå 2. november til 19. desember vil det bli nattestengt på Rv 5 mellom Kjøsnes og Bøyabreen.

Nattestenginga startar frå måndag kveld klokka 23.00 og varer til laurdag morgon klokka 05.30. Det vil vere gjennomkøyring klokka 02.30.

– I same periode kan vegen bli stengt i ein time mellom klokka 20.00 og 23.00, og i 30 minutt mellom klokka 05.30 og 20.00, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Frå laurdag klokka 16.00 til måndag klokka 06.00 vil det vere fri ferdsel.

Skal kople saman tunneldelar

Støylsnestunnelen skal forlengast med ein 6,5 kilometer lang tunneldel, og samla vil den nye tunnelen, som får namnet Kjøsnestunnelen, bli på om lag 8,5 kilometer.

– Dette arbeidet er godt i gang, og vi skal no starte sprengingsarbeidet som vil kople saman den nye tunneldelen med Støylsnestunnelen, seier byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum i Statens vegvesen.

Arbeidet kan ikkje gjerast medan trafikken går. Det vil difor bli nattestengt for å utføre arbeidet.

Arbeid i Fjærlandstunnelen

Hæhre Entreprenør har fått i oppdrag å sprenge ut ei snunisje for brøytebil i Fjærlandstunnelen. Dette arbeidet vil bli samordna med sprenginga i Støylsnestunnelen, og vil bli utført i same tidsperiode.

– Oppstillingsplassane for ventande trafikk blir difor på austsida av Fjørlandstunnelen på sogne-sida, og på Kjøsnes frå Skei-sida, heiter det i pressemeldinga.

KOPLAST SAMAN: Den nye Kjøsnestunnelen blir på om lag 8,5 kilometer.

KOPLAST SAMAN: Den nye Kjøsnestunnelen blir på om lag 8,5 kilometer. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken