Gå til sidens hovedinnhold

Blir meld til politiet etter bålbrenning

Artikkelen er over 1 år gammel

Sogn Avis: Laurdag ettermiddag rykte brannvesenet ut til ein brann i terrenget i Feios i Vik kommune.

- Det var ein som skulle brenna nokre greiner, og så kom det ut av kontroll, fortel vaktleiar Frode Korneliussen på Alarmsentralen.

Det var aldri fare for verken folk eller bygg.

– Brannmannskap frå Vik fekk raskt kontroll over situasjonen då dei kom fram. No held dei på å kjøla ned området. Brannen er sløkt, seier Korneliussen ved 21-tida laurdags kveld.

Det blir oppretta ei politimelding etter brannen, melder politiet på Twitter laurdag kveld.

Kommentarer til denne saken