Blir 20-minuttsavgangar først i 2018

Samferdselsminister Kjetil Solvik-Olsen (FrP) kunngjorde det nye ferjesambandet under eit møte på Skei i dag.

Samferdselsminister Kjetil Solvik-Olsen (FrP) kunngjorde det nye ferjesambandet under eit møte på Skei i dag. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Anda-Lote skal få miljøferje.

DEL

Samferdselsdepartementet lyser om kort tid ut anbod på to ferjer på sambandet Anda-Lote. Men 20-minuttsavgangane dette opnar for, vil først komme i drift i 2018, og ikkje frå 2017 som kravet har vore, og stortinget har sagt. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP) kunngjorde det nye opplegget under eit møte på Skei i samband med E39-reisa han i dag har gjennom Sogn og Fjordane.

Miljøferje

Grunnen til at iverksettinga først kjem i 2018 er ifølge statsråden at den eine ferja skal vere miljøferje, og truleg med elektrisk drift. Den andre skal vere ei lågutsleppsferje. Departementet nyttar høvet dei har til å forlenge konsesjonen på sambandet, på grunn av tida det vil ta å få bygd nye ferjer og få det rette materiellet på plass.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), helsar 20-minuttsavgangane velkomne, men meiner at departementet framleis må jobbe for å finne løysingar som gjer det mogleg å få 20-minuttsavgangar frå 2017.

Ønsker fortgang

– Når Stortinget har gjort samrøystes vedtak om 2017, ventar eg at departementet skal strekke seg til det yttarste for få dette til. At det kjem 20-minuttsavgangar på Anda-Lote gjer det enda viktigare å sette fortgang i utrettinga av vegen mellom Byrkjelo og Sandane, seier Bjørlo.

FrPs gruppeleiar i Fylkestinget, Frank Willy Djuvik, er glad for avklaringa om 20-minutts-avgangane.

– Iverksetting frå 2018 er det einaste som er mogleg å få til. Ein greier ikkje å handtere kortare anbod enn dette når ein skal ta omsyn til teknologiutviklinga og innkjøp av ferjer, seier Djuvik.