Kjære foreldre, 15. april er ein viktig dato for ungdomen for det er søknadsfristen til høgare utdanning. Vi veit at mange unge søkjer råd hos mor og far. Ta gjerne med desse fire anbefalingane frå NITO Sogn og Fjordane. Vi organiserer 2000 ingeniørar lokalt.
1. Tenk at det er ei ny tid.
NITO veit at næringslivet i Sogn og Fjordane treng mange fleire ingeniørar. Før var «gymnaset», dagens studieførebuande, vegen til å bli ingeniør. No er det fleire vegar og nokon av dei beste og mest ettertrakta ingeniørane har aldri har gått studieførebuande. Det finst andre vegar gjennom til dømes fagbrev og påbygg for de som vil bli ingeniørar. HVL i Førde har forkurs for ingeniørutdanning

2. Teknologiutviklinga og søkeljoset på miljø påverkar alle.
Løysingane på dei store spørsmåla rundt miljø og klima ligg i hendene på ingeniørar og teknologar. Du kan vera med og skape ei betre verd! Du finn ingeniørar i alle deler av arbeidslivet – frå skular til sjukehus til oljeplattformer. Ein pratar ofte om dei fem klassiske ingeniørfaga: bygg, data, elektro, maskin og kjemi. Innanfor kvar av desse finst det fleire studieretningar. I tillegg har vi utdanning som bioingeniør som er veldig viktig for helse-Norge. Maskiningeniørar er sjølve «poteta» som passar like godt i industrien som i det offentlege. Nokon arbeider i hektiske omgjevnader, medan andre fordjupar seg i tekniske detaljar.
3. Vi må tenke nytt.
Ingeniøryrket er absolutt eit kreativt yrke. Det handlar om å bruke den kunnskapen du har til å finne nye løysingar og til å sjå nye moglegheiter, forbetre, løyse det «umogelege» ved å bruke «puslebrikker» på nye måtar. Litt som å bygge LEGO utan teikningar. Vi bør også få fleire jenter inn i ingeniøryrket. Kvinnelege ingeniørar er ettertrakta av arbeidsgjevarar, men det er framleis for få kvinner som tek valet om å bli ingeniør.
4. Sørg for at ungdommen står støtt og tenkjer sjølv.
Norge vil mangle yrkesaktive menneske framover. Alle regionar roper etter unge folk og ivrige hender for å bere framtida. Ungdommen vil oppleve eit press og ei «headhunting» i utdanningsåra, som vi ikkje har opplevd før. Difor må de bidra til at ungdommen tenkjer sjølv og står støtt når dei tek sine val. Ein rapport som Menon har utarbeida for NITO, syner at vi treng fleire tusen nye ingeniørar fram mot 2030. NITO Sogn og Fjordane vil difor oppmoda fleire til å søkje ei ingeniørutdanning. Gjerne lokalt på HVL Førde. Ofte er det slik at lokalt utdanna arbeidskraft etablerer seg lokalt og blir lokal. Bli unik – bli ingeniør.

Les også

Pass deg for feriefella på heimekontor

Les også

Studiestart må vere rekrutteringsstart!