Gå til sidens hovedinnhold

Blei stengd for ras to gonger på ein dag – no har det rasa igjen

Fredag gjekk det steinras på fylkesveg 5586. Førre veke rasa det to gonger same dag på den same strekninga.

Fredag gjekk det eit steinras å fv. 5586 mellom Hest og Oppedal i Høyanger. Vegen var stengd i vel ein time, før han blei rydda og opna att.

For ni dagar sidan, onsdag førre veke, rasa det på den same vegen. Første ras gjekk i morgontimane, og kommunen valte å stenge vegen. Kort tid etter melde Statens vegvesen at ras nummer to hadde gått.

– Dette syner at det var heilt rett å stenge vegen, sa ordførar Petter Sortland i Høyanger kommune til Firda, då.

Vegen er ei viktig ferdselsåre for innbyggarane på Høyanger sørside.

Høggravide Silje Knutssøn (32) bur i Ortnevik. For henne er det kritisk dersom vegen blir stengt og ho skal føde. Då kjem ho seg ikkje til Førde. Ho har etterlyst ein beredskapsplan frå Høyanger kommune.

Les også

Høggravide Silje (32) fryktar å bli rasfast – vurderer å flytte til Førde

Les også

Prøvesvar avgjer: – Kan hende vi må halde Vadheim skule stengt lenger enn ut neste veke

Les også

Ventar over 50 prøvesvar i Vadheim: – Vi er på alerten. Ingen tar helg før vi har kontroll

Kommentarer til denne saken