Blåmåndag for 17 bilistar i Nordfjord og Sunnfjord

Køyreturen på E39 i Gloppen vart ei dyr affære for fleire. Også folk på Sande fekk svi, då dei køyrde over fartsgrensa.

DEL

Utrykkingspolitiet stod måndag klare med laseren i 80-sona på E39 ved Vereide.

Der tok dei 12 fartssyndarar som alle fekk med seg ei bot heim. Høgste fart vart målt til 102 km/t, melder Up-patruljen i Nordfjord.

To førarar fekk også bot for å ha brukt mobiltelefon.

Lenger sør, på Sande, var det også laserkontroll måndag. Der kontrollerte politipatruljen bilane i 60-sona mellom Sande sentrum og Steiafeltet.

– Dei skreiv ut fem forenkla førelegg, der høgste fart vart målt til 79 km/t, melder Vest politidistrikt.

Artikkeltags