Nettleiga for BKK Nett sine 260 000 kunder blir ført vidare etter med same modell og prisar som gjeld no.

BKK Nett vart overraska av snuoperasjonen i Stortinget fredag i førre veke, men innrettar seg etter stortingsfleirtalet og utset den nye nettleigemodellen.

– Dette vart stoppa i Stortinget i tolvte time, etter at vi har informert 260 000 kundar om den nye modellen, og brukt store ressursar på å legge til rette for den. Vi lyttar sjølvsagt til stortingsfleirtalet. Samstundes synes vi det er uheldig at ei energipolitisk viktig nyordning som styresmaktene sjølve har pålagt nettselskapa, blir utsett berre to veker før den skal innførast, seier administrerende direktør Ketil Tømmernes i BKK Nett.

Spleiselag

– Det er brei einsemd om at Norge skal kutte i klimagassutslepp og at samfunnet må elektrifiserast. Skal Norge klare å gjennomføre det grøne skiftet, bør vi starte med å utnytte det strømnettet vi allereie har bygd på ein endå bedre måte. Det vil vi oppnå med den nye modellen, sidan den premierer kundar som jamnar ut strømforbruket sitt. Utan denne nettleigemodellen misser vi mogleheita til å skape ei åtferdsendring blant forbrukarane. Det kan føre til at vi må bygge ut endå meir strømnett, og at kostnadene til å bygge ut og drifte nettet aukar. Strømnettet er finansiert som et spleiselag av brukarane gjennom nettleiga, seier Ketil Tømmernes.

Nokre få timar etter at BKK kunngjorde at dei utset den nye lnettleigemodellen, gjekk Linja (tidlegare SFE nett) også ut og gjorde kjent at dei gjer det same.