Gå til sidens hovedinnhold

Bjøllene på sjukeheimen i Førde

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I haust har eg hatt eit opphold på korttidsavdelinga på Førde sjukeheim.

Der høyrde vi stadig lyden av ei bjølle, men det var ikkje sauer som vandra i gangane, men ei naudløysing personalet måtte ta i bruk på grunn av at alarmsystemet ikkje fungerte og at dei heller ikkje fekk den til å fungere – og då var erstatninga ei sauebjølle. For så vidt ei genial løysing sjølvsagt, men det førde med seg at bjølla heldt andre vakne også.

Ein del av tida mi på sjukeheimen låg eg også på eit rom der det ikkje var alarm i det heile teke, det vil sei at der var alarm, men ute av drift, men eg fekk tilbod om ei sauebjølle. Eg kunne sjølvsagt brukt telefon, men skulle eit fall skje nattestid ute på toalettet, er eg ikkje sikker på at telefon var tilgjengeleg, men eg kunne kanskje kara meg bort til snora for alarmen. Men når alarmen varr «død» ville det vere lite hjelp å få der. Og då stiller eg spørsmålet til Sunnfjord kommune som vel er driftsansvarleg på sjukeheimen;om dette er ei forsvarleg ordning på ein sjukeheim?

Eg forstår det ogso slik at Sunnfjord kommune har lagt opp til, eller gjort vedtak om at einmannsrom skal definerast som tomannsrom for å få plass til fleire pasientar. Det kan vere grunn til å stille spørsmål ved om dette er ei god ordning for pasientane. Eg har prøvd det og kan ikkje sei det var ei oppleving eg ser tilbake på med glede, for det vart mykje uro og lite sømn.

Etter tida mi på korttidsavdelinga på sjukeheimen i Førde sit eg med eit inntrykk av at huseigaren, Sunnfjord kommune- når det gjeld vedlikehold, lever etter regelen om at går det så går det og då er alt vel bra.

Men personalet på sjukeheimen kan eg ikkje fullrose nok! Dei spring seg nesten forderva for å gjere det beste for pasientane.

Les også

Pårørande: – Fint med nettbrett, men fortvilande at ikkje nettkapasiteten på Helsetunet er god nok

Les også

Dei tusen steg

Les også

Aksjonerer mot Førdepakken: – Dei har putta gjennomgangstrafikk og fleire bilar i sentrum

Kommentarer til denne saken