– Dette er ein jobb som er sunn for både kropp og sjel, seier Bjarte Engevik, som er dagleg leiar i Fjordane Friluftsråd.
Friluftsrådet søker no ein prosjektleiar som skal vere med på å halde kystlinja i Solund, Askvoll, Hyllestad og Stad rein for marint avfall dei neste tre åra. Dette er ein del av Handelens Miljøfond sitt prosjekt «Rydd Norge Vestland».
– Målet er å rydde 40 prosent av den ytre kystlina i desse områda dei neste tre åra, seier Engevik.
– Må like å vere ute
Hovudoppgåva til den nye prosjektleiaren vil vere å fysisk vere med på ryddeaksjonane i områda.
– Derfor er det ganske vesentleg at vedkommande som får jobben likar å vere ute i naturen. Det er også viktig at personen likar fysisk hardt arbeid, seier Engevik.
Leiaren kjem til å vere ein del av eit lag på fire personar, som inkluderer ein båtførar og to renovatørar. Engevik ønsker også at den nye prosjektleiaren har gode leiareigenskapar.
– Vi må ha nokon som har god evne til å sjå heilskapen, ein som kan drifta laget utifrå ulike vêrtilhøve og årstider. Vedkommande må vere god på å planlegge, tenke HMS og forstår korleis ein skal ferdast på sjøen. Vi er også oppteken av at ryddelaget skal fungere godt saman og då bør leiaren vere god på å motivere og ta vare på dei tilsette, seier han.
Vedkommande som får jobben får også nokre administrative oppgåver som til dømes å ha ansvaret for økonomien og budsjettet.
– Arbeid som blir heia fram
Arbeidsplassen vil vere i Solund og søknadsfristen er 28. februar. Engevik fortel at dei allereie har fått inn ein del søkarar.
– Det har vore stor pågang, eg får dagleg telefonar frå folk som vil høyre om stillinga, seier han.
Ifølge er Engevik er jobben sunn for både kropp og sjel.
– Ein får alt i eitt med denne jobben. Ein får fine naturopplevingar, frisk luft, jobbar saman med andre og ein er fysisk aktiv. Når ein kjem heim frå jobben treng ein ikkje å oppsøke eit treningsstudio, seier han og fortset:
– Det er ein utruleg meiningsfull jobb. Det gir mykje når ein har gått inn i ei vik og kan forlate den mykje reinare enn då ein kom. Det betyr så mykje for miljøet i havet, fuglelivet og menneska som skal besøke oss. Eg opplever at dette arbeidet blir heia fram, og at det er eit aukande engasjement hos befolkninga til å få gjort noko med denne marine forureininga.

Slik båt vil Bjarte ha til strandrydding. No er spørsmålet om kommunane vil betale

Bosset flaut: – Det er vanskeleg å beskrive kor mykje det var

Kommentarer til denne saken