Vil gi feriar til familiar som ikkje har råd til sin eigen

FERIE: Familiar som ikkje har råd til ferie, kan søkje om å få ferie ved Hauglandssenteret.

FERIE: Familiar som ikkje har råd til ferie, kan søkje om å få ferie ved Hauglandssenteret. Foto:

SAMFUNN: På ny arrangerer Røde Kors feriar for familiar med tøff økonomi.

DEL

Røde Kors inviterer på ny barnefamiliar med tøff økonomi til leirtilbodet Ferie for alle på Hauglandssenteret.

Tal frå Røde Kors syner at det er 1600 born i Sogn og Fjordane som har foreldre med ein økonomisk vanskeleg situasjon. Dette er ein auke på ein tredjedel frå 2013 til 2016.

Ifølge Henriette Solheim, tilretteleggar i Røde Kors Sogn og Fjordane, har mange av familiane ikkje råd til å reise på ferie. Difor arrangerer dei to familieleirar i år, der kvar leir varer fem dagar. Tilbodet er for barnefamiliar som dei siste tre åra ikkje har hatt råd å reise på eigen ferie eller har moglegheit til å få eit ferietilbod på andre måtar.

Sidan tilbodet starta opp, har fleire og fleire nytta seg av det.

Det er 100 plassar på kvar leir og frivillige frå Røde Kors er ferievertar under opphaldet, skriv Solheim i eit informasjonsskriv, som ho ber kommunar spreie vidare.

I tillegg til familieleir, har også Røde Kors eit tilbod om ein barne- og ungdomsleir for personar med lettare funksjonshemmingar eller andre særlege behov.

Artikkeltags