Skal gå Birken i 20 minusgrader: – Ikkje noko problem

KULDA VENTAR: Øyvind Blikra og Anne Berit Steiro er blant dei mange som skal gå Birken i år. Under årets renn ventar 20 minusgrader, men det skremmer ikkje nokon av dei.

KULDA VENTAR: Øyvind Blikra og Anne Berit Steiro er blant dei mange som skal gå Birken i år. Under årets renn ventar 20 minusgrader, men det skremmer ikkje nokon av dei. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BIRKEN: Anne Berit Steiro frå Førde og gaulværingen Øyvind Bolstad Blikra er to av dei som trassar vêrgudane på laurdag.

DEL

Det er meldt ned mot 20 minusgrader under det åttiande Birkebeinerrennet på Rena no på laurdag. At det blir hutrande kaldt er ikkje eit hinder for 25-åringen Øyvind Bolstad Blikra, som no går det 54 kilometer lange løpet for fjerde gong.

– 20 minusgrader skal gå heilt fint. Eg vakna til 28 minus i dag tidleg, så det blir ikkje noko problem, seier Blikra, som jobbar i forsvaret i Indre-Troms.

Gjekk i uniform

– Då eg begynte å gå Birken gjekk eg på treski og i uniform. No tar eg det rolegare og stiller med vanleg utstyr, seier han.

Han fortel at han plar gå med bror sin, som er aktiv langrennsløpar.

– Han tar det nok meir seriøst enn meg, og går som regel i mål etter litt over tre timar. Eg er med mest for å ha det gøy, så eg bruker om lag fem timar, seier han.

Blikra fortel at han trur at det er mange som vegrar seg for å melde seg på, men det er det ingen grunn til.

– Det er heilt overkommeleg. Eg ser på det som ein påsketur over fjellet, og ein treng ikkje vere god på ski for å komme seg gjennom løpet, seier han.

Godt førebudd

Førdianaren Anne Berit Steiro, som stiller i klassa Kvinner 55, skal også på med skia på laurdag. Dette blir fjerde gong ho er med, og ho kjem godt førebudd.

– Eg gjekk Vasaloppet for to veker sidan, og då var det nede i 10 minusgradar då vi starta. Eg kledde på meg litt ekstra, så eg haldt meg varm, fortel ho.

– Eg startar klokka ti på ti, så eg reknar med det blir omtrent 15 minusgradar, og då er sola komme fram. Det er verst for dei som startar tidlegare på morgonen. Då blir det skikkeleg kaldt, seier ho.

Artikkeltags