Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det blir billegare å reise via mange av flyplassane på Vestlandet, noko Støre-regjeringa nyleg varsla. Dette er like lite sjølvsagt som at ferjeprisen er halvert, og at ferjene for små øysamfunn har blitt gratis.
Maksimal billettpris på ruta Førde-Oslo blir halvert frå 2550 til 1275 kr, på Sogndal-Oslo frå 2181 til 1091 kr, Sogndal-Bergen frå 1712 til 856 kr, Florø-Oslo frå 2666 til 1333 kr, Florø-Bodø frå 2765 til 1383 kr, Sandane-Oslo frå 2584 til 1292 kr og Sandane-Bergen frå 1894 til 947 kr.
Tala skal justerast til 2024-kroner, då dette vil ta til å gjelde frå 1. april neste år, når den nye kontraktsperioden for FOT-rutene startar. Då vil Florø-Oslo altså halde fram som FOT-rute, og ikkje minst: Stord Lufthamn Sørstokken blir tatt inn i ordninga.
Same korleis ein snur og vender på det, så er dette gode nyheiter for folk og næringsliv på Vestlandet generelt, og i Sunnhordland og Sogn og Fjordane spesielt. Og som med halveringa av ferjeprisane og gratisferje for små øysamfunn: Det hadde ikkje skjedd med ei Høgre-/Frp-regjering. Med Solberg-regjeringa vart flytilbodet i distrikta dyrare og dårlegare, med Ap-/Sp-regjeringa blir det billegare og betre.
Dette trass i at Solberg fekk sitje i ei økonomisk normaltid og ause på med oljepengar. Støre-regjeringa må lose landet trygt gjennom ein ekstremsituasjon vi ikkje har vore i sidan 1980-talet. Vi skal få kontroll på prisstiginga. Oljepengebruken må derfor dempast, samtidig som det må brukast store ekstrasummar på forsvar, beredskap, ukrainske flyktningar og folketrygda.
I denne krevjande situasjonen heiter det ikkje «det skulle berre mangle» eller «vel og bra, men». Derimot finst det eit høve til å sjå kven det er som faktisk prioriterer mindre forskjellar og kvardagen til folk i distrikta. Det var dette Arbeidarpartiet og Senterpartiet vann valet på i 2021.
Billegare fly på Vestlandet er berre eitt av mange døme på at vi tar det på alvor.

Regjeringa varslar billigare flybillettar: – Ikkje sikkert det burde vere billigare

Er det verkeleg sant at vi neste år kan fly til Oslo for halve prisen?