Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Førdepakken vart vedteken med ein kostnad på 1,8 mill. (2019 kroner) og er eit spleiselag mellom fire partar, der bilistane med bompengar skulle stå for 60 % av kostnaden, dvs. 983 mill. kroner. Statens vegvesen, fylkeskommune og no Sunnfjord kommune bidreg med resten saman med momsrefusjon frå staten.
I vår gjekk brått alarmen om den økonomiske stoda i Førdepakken. Styringsgruppa som er sett saman av representantar frå Vegvesenet, Fylkeskommunen og kommunedirektør i Sunnfjord peika straka på Ferde og bompengesatsane. Bystyret vedtok kjapt auke frå 32 til 36 kroner og ein kraftig auke for Elbil.
Verdt å merke seg er at Stortinget løyver årleg pengar for å redusere kostnaden for dei reisande, dette utgjer om lag 4 kroner. Vi er dermed oppe i om lag det doble av det som i si tid vart vedteke.
Kort tid etterpå kjem det fram at dette langt ifrå er nok. Styringsgruppa med kommunedirektør i Sunnfjord i spissen peikar kjapt på den i «spleiselaget» som ikkje er representert og legg fram sak for kommunestyret om å vedta utviding av bompengeperiode med 5 år.
Av det nye kostnadsoverslag på 3059 mill. vert bilistane sin andel 1927 mill.
Dei andre partane bidreg ikkje med nye midlar. Berre momsrefusjon og Stortinget sitt bidrag til lågare bomsatsar (eigentleg bilistane sine pengar) kjem i tillegg. Kjenner eg bystyret i Sunnfjord rett, toer dei sin hender og godkjenner.
Dermed kan «interessefellesskapet» mellom vegvesenet, entreprenørar og konsulentselskap jobbe vidare i ein ny femårsperiode, antatt ferdigstilling var vel i utgangspunktet 2024.

Vil forlengje bominnkrevjinga med fem år

SV vil prioritere kva som kjem først og sist

Førdepakken – med målet i sikte

Førdepakken – kor blei det av spleiselaget?
