Sjå kven som var på årets siste Førde-kamp

13. desember 2018, kl. 21:57

HANDBALL: Førde spelte sin siste heimekamp i 2018 torsdag kveld. Det gjorde det framfor rundt 300 tilskodarar i Førdehuset. Stemninga var stor og publikum hjelpte laget fram til ein viktig 32-30-siger over Charlottenlund. Dermed tek Førde juleferie tre poeng over nedrykksstreken i 1. divisjon. Neste kamp er 6. januar borte mot Fjellhammer.