Bilbru ved Førdehuset, gløym det!

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det er pr. dato ingen, verken i administrasjonen i Førde/Sunnfjord kommune eller i Statens vegvesen som har gitt ei god forklaring på kvifor denne brua skal byggast.

Det er ingen som kan forklare kvifor brua må byggast som bilbru. Området både på Festplassen og ved Førdehuset og Hafstadparken blir meir eller mindre øydelagt som eit «fredelegt» område i sentrum av Førde. Det går jo rykte om at Førde Barneskule skal flyttast til Hafstad Vidaregåande skule når den nye på Øyrane er ferdig.

Det betyr igjen at born på «nye» Førde Barneskule må krysse ein sterkt trafikkert veg før dei kjem til Førdhuset for gym og bading. Likeins må born på Kulturskulen/trening i Flørdehsuet, køyrast til / frå på grunn av stor trafikk og ingen overgang.

Ein må i tilfelle bygge minst to – 2- overgangar/overbygg, over Angedalsvegen for å gi skuleborna og andre gåande ein sikker overgang. Enkelte argumenterer for brua, det vil skape mindre kø i sentrum. Kvar er køen? Det er kø viss det skjer eit eller anna på E39 i Halbrendslia. Ein må då løyse problemet det køen oppstår, E39 og fotgjengarovergangane ved Alti og Øyrane Torg.

Bygg 2 nye «Skywalk» mellom kjøpesentera, då slepp ein kø ved lyskryssa. Få E39 og Riksveg 5 ut av sentrum. Hafstadparken, området ved Førdehuset og Festplassen blir i stadig større grad nytte av yngre og eldre i Førde Sentrum.

Kvifor skal dette området no belastast med tungtrafikk og anna auka trafikk? Kvifor skal bilane på denne måten køyre rundt i Førde sentrum mens dei ventar på å komme inn på E39 og Riksveg 5? Og så snakkar ein om eit trivelegare sentrum med fortauskafear og uterom, Gløym det med det som Førdepakken har lagt opp til.

Sjå Langebruvegen ved Rådhuset? Det er nå Førdes nye bakgate, død og trist. Nei, bygg ei pen og «lett» gang og sykkelbru ved Førdehuset og heile området på nordsida av gamle Førde vil bli svært attraktivt. Kor mykje pengar skal «rotast» vekk ved planlegging av ei bru som ingen har nytte eller bruk for?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken