Røykutvikling i motorrommet på ein bil ved Elkjøp i Førde, førte til ei brannutrykking torsdag ettermiddag.
– Det vart meldt om røykutvikling frå motorrommet på ein bil, seier vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen i Florø, til Firda klokka 16.45.
Har kontroll
Han fortel at det ikkje var meldt om opne flammar. Brannmannskap er framleis på staden, og det er kontroll over bilen.
Ettersom det ikkje var opne flammar har det ikkje vore spreiingsfare til andre bilar.
Må tauast vekk
Brannsjef Bernhard Øberg var også på staden, saman med øvrig brannmannskap.
– Bileigar stoppa då han såg det kom røyk ut av panseret. Det er høgt sannsynleg røykutvikling i dynamoen. Bilen er ikkje køyrbar og den skal tauast vekk, seier brannsjef Bernhard Øberg til Firda på staden.