Bilbrann i rundkøyring på rv. 5

Brannvesenet rykte tysdag ettermiddag ut til eit branntilløp i denne bilen ved Kulturhuset i Sogndal sentrum. Ingen personar vart skadde i brannen.

Brannvesenet rykte tysdag ettermiddag ut til eit branntilløp i denne bilen ved Kulturhuset i Sogndal sentrum. Ingen personar vart skadde i brannen. Foto:

DEL

Vest politidistrikt melder at alle naudetatane rykte ut etter melding om ein bilbrann i Sogndal sentrum.

Statens vegvesen melder at bilbrannen er i rundkøyringa ved Fjørevegen og rv. 5 i Sogndal.

Då naudetatane kom til staden kunne dei slå fast at det ikkje var observert flammar, og at ingen personar var komne til skade.

Trafikken blir dirigert forbi bilen som står i rundkøyringa, og bilbergar er varsla, melder Vest politidistrikt.

Artikkeltags