Torsdag kveld klokka 18.00 melde Vest politidistrikt om ein bilbrann på ei bru på fylkesveg 55 i Gaupne i Sogn. Ifølge politiet har to bilar vore involverte i ei trafikkulykke, men alle personane skal vere ute av køyretøya.
Ifølge politiet tok eit av køyretøya fyr etter ei trafikkulykke, men korleis ulykka skjedde er førebels uvisst. Operasjonsleiar Jørgen Ommedal kjenner ikkje til om bilane har møttest front mot front eller ikkje.
Totalt tre personar var involvert.
– To av dei er frakta til Gaupne legesenter. Den siste er det litt usikkert kor blir frakta, seier Ommedal.
Ein patrulje er torsdag kveld på staden for å hente inn opplysingar og gjere undersøkingar for å finne ut kva som har skjedd.