Bilberging fører til at eitt felt er stengt på E39, rett aust for Lavik ferjekai.

Vegtrafikksentralen vest melder på Twitter at det gjeld berging av ein tungbil. Stengingane kan vare i periodar inntil 30 minutt, og vil halde fram i nokre timar frå og med klokka 10:20.