Gå til sidens hovedinnhold

Bilberging på Hemsedalsfjellet – manuell dirigering, men ein del ventetid

Artikkelen er over 1 år gammel

Statens vegvesen melder at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er midlertidig stengt på grunn av berging av eit vogntog.

Vogntoget har mista hengaren.

Meldinga kom klokka 14.45. Det er ikkje sagt noko om kor lenge ein reknar med at stenginga vil vare, men Vegtrafikksentralen vest vil varsle når vegen opnar igjen.

Like før klokka 18.30 oppdaterer Vegtrafikksentralen vest meldinga. Berginga av hengaren held på framleis. Det blir manuell dirigering forbi staden der hengaren har velta. Det blir sett opp leiarbil, men det kan bli ei stund å vente mellom kvar kolonne.

Kommentarer til denne saken