Ein tysk campingbil har køyrt utfor på den smale og tungt turist-trafikkerte vegen frå Aurland mot utsiktspunktet Stegastein i Aurland søndag, melder operasjonsleiar Eivind Hellesund ved Vest politidistrikt.
Trafikkulukka vart meldt i 13.30-tida.
Bilen har velta og ligg på sida, men det skal ikkje vere fare for at den rullar vidare, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.
Dei to som var i bilen skal ha klart å krype ut.
Uhellet skjedde i den første 180-graders-svingen på veg oppover. Det er ikkje meldt om personskade, og ikkje mistanke rus/promille. Bilbergar er på staden og vegen er stengt, melder politiet.
SISTE: Politiet melder klokka 15.44 at vegen no er open for normal trafikk.

Les også
Aurland: Berga bubil i lause lufta

Les også
Politiet melder om trafikkaos opp mot Stegastein i Aurland
Les også