Klokka 08.40 melder politiet at ein bil har køyrt utfor vegen på Vassenden. Ulykka skal ha skjedd mellom Vassenden og Svidalsneset, i 80-sona.

Det skal ikkje vere personskader, og trafikken går fint forbi ulykkesstaden. Politi er på veg til staden.

Politiet melder at føraren sjølv har meldt ifrå til bilbergar.

Klokka 09.17 var bilberga venta på staden om ca 50 minutt.

Årsaka til utforkøyringa var då politiet fekk melding om ulykka ikkje kjent, men seinare vert det peika på føraren truleg har fått sleng på bilen:

Politiet: – Fekk truleg sleng på glatt veg