Bil utfor vegen i Hyllestad

UTFOR VEGEN: Denne bilen køyrde laurdag utfor vegen på ei rett strekke på fylkesveg 57 i Hyllestad. Foto: Firdatipsar
Artikkelen er over 1 år gammel
Ein bil hamna tidleg laurdag ettermiddag utfor vegen ved Staurdal på fylkesveg 57 i Hyllestad.
Ulykka har skjedd på ei rett strekning.
Vest politidistrikt har ikkje fått melding om hendinga.
– Eg køyrde forbi staden omtrent på same tid – og det var ikkje glatt der, seier ein Firda-tipsar.
Vegtrafikksentralen vest melder at vegen har vore stengd i ein kort periode medan bilberging pågjekk, men var i 16.30-tida opna igjen.
Kommentarer til denne saken