Klokka 14.35 fekk politiet melding om ei trafikkulykke ved Tonheimsstranda, rett vest for Eikefjord.

Ein bil med to personar skal ha køyrt ut for vegen. Begge personane i bilen er vakne og bevisste. Alle naudetatane er på veg til staden.

Vegtrafikksentralen Vest skriv på Twitter klokka 14.45 at rv. 5 er stengt på grunn av ulykka.