Klokka 21.10 søndag kveld fekk politiet melding om ein bil som stod parkert i ei møtelomme på Breimsvegen, meir nøyaktig ved Styggemarka langs Breimsvatnet.

Bilen skal ha hatt skadar som tyda på at den hadde vore i ei ulykke. Men på staden var ingen.

Det opplyser operasjonsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt.

Politiet fekk kontakt med førar av bil, som forklarte at han hadde sklidd og treft fjellveggen.

Ein UP-patrulje rykte ut til staden, kor dei trefte ein sjåfør som verka uskadd. Han hadde sklidd på det glatte føret og treft fjellveggen. Førar var ein mann i tenåra.

– Dette framstår som eit trafikkuhell utan personskadar. Vi fann ikkje noko som gjer at vi opprettar sak, seier Johanessen.

Måndag morgon har det vore stille på trafikkfronten, ifølge operasjonsleiaren:

– Vi har ikkje høyrt om noko spesielt måndag morgon. Det er ikkje meldt om utfordringar.