Vest politidistrikt melder laurdag føremiddag om ei trafikkulykke på rv. 55 ved Barnsnes i Sogndal.
Ein bil skal ha snurra over på taket, og eitt køyrefelt vart sperra som følgjer av dette.
Førar skal vere ute av bilen og er meldt å vere oppegåande.
Melder om glatt føre
Politiet melder at det skal vere svært glatt på staden. Dei nemner også i twittermeldinga ulykka som skjedde i Luster tidlegare på føremiddagen. Også der var det meldt og glatt føre.
Vegtrafikksentralen Vest melder at det er mykje glasbitar i vegbana etter bilen som ligg på taket på rv. 55.
Klokka 12.58 melder dei at vegen er opna att for trafikk, og at entreprenør har vore på strekninga og salta.
Sjukehus og legevakt
Operasjonsleiar Tom Johannesen i Vest politidistrikt fortel at begge dei to trafikkulykkene i Sogn er avslutta. Begge bilane er fjerna av bilbergar.
– Ulykka i Hafslo, der var dei to involverte personane køyrt til sjukehus. Dei hadde ikkje synlege skader, men vart teke dit for ein sjekk, seier Johannesen.
Han fortel at det same vart gjort med føraren av bilen som hamna på taket på fv. 55 ved Barnsnes. Også her vart føraren meldt tidleg å vere oppegåande.
– Ulykka framstår ikkje veldig alvorleg, men har vore dramatisk nok, ettersom bilen hamna på taket, seier operasjonsleiaren.
Meir om ulykka:
