Gå til sidens hovedinnhold

Bil snurra og velta rundt i 80-sone i Gulen. Beinskadd førar frakta med ferje

Ulykka har skjedd i Sløvåg på fv. 5582. Det er passasje for øvrig trafikk.

Ein bil ligg tysdag ettermiddag på eine sida, etter å ha snurra rundt i ei 80-sone på fv. 5582 i Sløvåg i Gulen. Det melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt tysdag ettermiddag.

Dei omtalar ulykka som ein rundvelt. Det skal ikkje vere andre bilar involvert, og ingen andre enn førar skal ha vore i bilen.

Operasjonsleiar Frode Kolltveit seier føraren er på veg til Leirvåg for medisinsk tilsyn.

– Føraren blir frakta dit med ferje grunna smerter i eit lår.

Både ambulanse og politi rykka ut til ulykka, men grunna lange avstandar har ikkje politiet komme på plass då Firda snakka med Kolltveit klokka 17:20.

– Patruljen ventar på pasienten på ferjekaia i Leirvåg. Dei vil følge opp saka ut over kvelden. Førebels er det uklårt kva som skjedde opp mot ulykka, seier han.

Politiet melder at bilen også ligg ute på sida av vegen, så det er passasje for øvrig trafikk. Bilberging vil vere på plass rundt klokka 18:00.

Klokka 18.22 blir det meldt at føraren er ein mann i 20-åra. Han vert no frakta til Haukeland sjukehus.

Det skal ikkje vere mistanke om at mannen har køyrt ruspåverka.