Klokka 03.30 natt til måndag fekk Vest politidistrikt melding om eit mindre trafikkuhell på E39 ved Moskog.
– Ein bil skal ha sklidd utfor vegbana og fekk mindre materielle skadar. Det er ikkje meldt om personskade, så politiet rykte ikkje ut på oppdraget, fortel operasjonsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt.
Lenger sør, på fv. 55 ved Klævold nær Vadheim, vart ein hjort påkøyrd måndag morgon. Politiet fekk melding 07.25.
– Hjorten sprang vidare, men truleg har han fått mindre skadar. Viltnemnda er difor varsla, seier Johannessen.
Andre saker frå Vest politidistrikt:
Les også
Ein mista lappen og fem fekk bot på Byrkjelo
Les også
Mann omkom i ulykke i Naustdal

Les også
Har du sakka ned forbi ein av desse i fjor? No røper politiet ei hemmelegheit
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: [email protected] TLF: 57 83 33 33
TIPS OSS