Fredag føremiddag melder politiet at ein bil har sklidd i grøfta ved Årøysvingane, på fv. 55 mellom Sogndal og Hafslo.

Uhellet skjedde like rundt 10.30.

Airbag er utløyst og berre førar sat i bilen, melder Vest politidistrikt. Varseltrekant er sett ut og det er passering for annan trafikk. Det er 80-sone på staden. Det er ikkje nemnt om personskadar, men politi og ambulanse rykker ut.

Politiet melder seinare at bilførar er teken med til legekontor i Sogndal, og at det ikkje er mistanke om ruspåverknad.

Ein patrulje er på staden og ventar på bilbergar.