Gå til sidens hovedinnhold

Bil sklei av vegen og trefte fjellveggen i Sogndal

Fire personar er involvert.

Klokka 16.09 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på riksveg 5 ved Eide i Sogndal.

Det skal vere fire personar i bilen, og førebels er det ukjent skadeomfang, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.

– Vi har fått melding om at ein bil har sklidd av vegen og treft ein fjellveg, seier han.

Til legevakt

Ambulanse og politi er på staden, og dei fire personane involvert blir køyrd til legevakt for sjekk.

Klokka 16.17 melder politiet på Twitter at bilen står midt i vegen og at det er kø i begge retningar.

Erik Skjerdal, innsatsleiar i Sogn politistasjonsdistrikt, seier til Sogn Avis at det var ein familie på fire i bilen, to vaksne og to barn.

– Bilførar var uoppmerksam og kom utfor asfaltkanten i ein sving, og trefte fjellveggen, seier han til avisa.

Klokka 17 hadde bilen blitt fjerna, og trafikken går som normalt på staden.

Politiet opprettar sak på hendinga, melder Vest politidistrikt.

Kommentarer til denne saken