Ein personbil har hamna på taket på E39 i Avenbukta mellom Lavik og Vadheim i Høyanger fredag ettermiddag. Det melde 110-Vest klokka 15.36. Naudetatane var då på veg til staden.

SISTE: Klokka 17.30 fortalde ein Firda-tipsar at det var lange køar på staden. Vedkommande kom i retning frå Førde og opplyste at trafikken hadde stått heilt i ro i minst 15 minutt og at det var fleire hundre meter med kø. Klokka 17.40 var trafikken i gang igjen i eine feltet.

Like før klokka 18.00 hadde bilbergar fjerna bilen og vegen var igjen open som normalt.

Har du bilde eller informasjon frå staden? Del det gjerne med oss her.

Vegtrafikksentralen Vest melde tidlegare at eitt felt var stengt ved Aven.

Klokka 15.43 var politiet på veg til staden.

To personar var i bilen då ulykka skjedde. Politiet melde først at begge var vurdert av ambulansepersonell som uskadde.

– Men det viser seg at både førar og passasjer er sende til sjukehuset i Førde for ein sjekk, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker klokka 16.30.

Bilbergar var då på veg til Avenbukta der ulykka har skjedd. Bilen låg framleis på taket og ifølge politiet har den store materielle skadar.

Halleraker stadfestar at det berre var éin bil involvert i ulykka og at det ikkje er mistanke om rus.