Gå til sidens hovedinnhold

Bil og motorsykkel i trafikkulykke i Årdal – vert omtala som alvorleg

Vegen vil vere stengd ei god stund framover.

Ein bil og ein motorsykkel er involvert i ei trafikkulykke på Årdalstangen i Sogn onsdag ettermiddag. Ulykka vart meldt klokka 13.34, og skal ha skjedd på fv. 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, ifølge operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Føraren av motorsykkelen er vaken, men utover dette er skadeomfanget ukjent.

Vegen er sperra og det er kø på staden.

Naudetatane er no på staden, og politiet melder at ulykka verkar å vere alvorleg. Dei varslar difor at vegen truleg vil verte stengd ei tid framover, sidan ein vil trenge bilbergar, opprydning og undersøkingar på staden.

Det er framleis lange køar i området.

Firda kjem tilbake med meir.