Gå til sidens hovedinnhold

Bil med to personar snurra etter å køyrt av vegen i Bremanger

Skal ha treft grøfta eller ein fjellvegg på rv. 614 ved Indrehus i Bremanger. Dei to står fram som uskadde etter hendinga.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder like før klokka 18 tysdag kveld om ei trafikkulykke i Bremanger. Ein bil skal ha snurra etter å ha treft grøftekanten eller fjellveggen på rv. 614 ved Indrehus.

Det skal ha vore to personar i bilen. Begge desse skal vere ute av bilen og ifølge politiet er dei oppegåande.

Bilen skal ha snurra, men står no i eitt av køyrefelta. Det skal vere passasje for annan trafikk, men bilbergar er rekvirert for å fjerne bilen.

Politiet køyrer no til staden, medan ambulanse og brannmannskap ventar og ser.

Kva som er årsaka til hendinga er enno ikkje kjent.