Gå til sidens hovedinnhold

Bil med to personar hamna i sjøen i Kalvåg

Ein person har klart å kome seg ut.

Alle naudetatar, sjøressursar og redningshelikopter har rykt ut til ei ulykke i Kalvåg i Bremanger.

– Klokka 11.21 vart det meldt at ein bil hadde hamna i sjøen ved kaien. Det skal ha vore to personar i bilen og ein av dei har kome seg på land og er bevisst, opplyser Vest politidistrikt litt over klokka halv elleve.

Politiet kategoriserer ulukka som dramatisk, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til Firda.

— Ein person er sakna og er framleis under vatn, seier han 11:45.

Årsaka er for tidleg å seie noko om.

Les også

Ein person er sakna etter at bil hamna i sjøen: – Dykkarar er på veg

TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33