Like etter klokka 15.00 onsdag ettermiddag, fekk dei melding via politiet om at ein personbil hadde køyrt i Tåelva i Kinn kommune, like etter Haukå.
To jenter var i bilen då ulykka skjedde, fortel vaktkommandøren, utan at han har nøyaktig alder på dei. Dei melde sjølv frå til naudetatane, og oppgav at dei ikkje kom seg ut av bilen.
Heldigvis skal det ha vore lite vatn i elva.
– Begge har meldt om smerter, men skadeomfanget kjenner eg ikkje til. Det kan sjå ut som at det har gått bra, alt tatt i betraktning, seier Haga.
Alle naudetatar rykte ut, og jentene fekk beskjed om å bli verande i bilen fram til brannvesenet kom fram. Klokka 15:40 var alle naudetatane på plass, og brannmannskapa fekk begge personane ut av bilen og opp til ambulansen, der dei vart sett til av helsepersonell.
Politiet skriv på Twitter klokka 16:18 at den eine jenta vart henta av luftambulanse, og er no blitt frakta til Førde sentralsjukehus. Den andre jenta blir også frakta til sjukehuset, men i vanleg ambulanse.
Bilbergar er bestilt, og vil hente bilen opp av elva. Det er snakk om store materielle skadar.

SMP: 17-åring i Stryn døydde av drukning
