Klokka 16.50 torsdag melde 110-sentralen Vest om ei trafikkulykke i Svelgen i Bremanger. Ein bil hadde gått rundt og landa på taket.

Ulykka skjedde like utanfor Storefosstunnelen på fylkesveg 614.

Det var to personar i bilen, og begge kom seg ut av køyretøyet på eiga hand.

Litt over klokka halv sju opplyste Vest politidistrikt at dei involverte er frakta til Førde sentralsjukehus i ambulanse. Det er ikkje mistanke om rus.

Det blir oppretta sak på ulykka.