Bil krasja i fjellvegg på Sandane. Føraren hadde ikkje lappen og politiet mistenker rus

DEL

Klokka 00.53 natt til laurdag fekk politiet melding om ein bil hadde køyrt i fjellveggen i Sørstrandvegen på Sandane.

Føraren var ein mann i 20-åra, og hadde ikkje gyldig førarkort.

– Då politiet kom fram til staden, kom dei i kontakt med ein mann som sa han har køyrt bilen. Mannen tok ei alkotest, som gav utslag, og blei tatt til legekontoret for å ta blodprøve, seier operasjonsleiar Morten Rebnord, i Vest politidistrikt.

Det var ingen andre bilar involvert, og mannen kom seg uskadd frå ulykka.

Politiet opprettar sak på hendinga.

Artikkeltags